Eldsjelprisen 2024 i Sunnfjord kommune går til Leiv Årseth

Eldsjelprisen vart delt ut under fest for frivillige 26. november. Tale ved ordførar Jenny Følling. Leiv Årseth har gjort ein uvurdereleg innsats for klubben han er medlem av. Sunnfjord Golfklubb feira i 2022, 30 år og er i all hovudsak dugnadsdreven. Ei av dei største eldsjelene og initiativtakar er Leiv Årseth.

Bonden og Jølstringen som i samarbeid med andre, bestemte seg for å starte klubben i eit område med både tett skog og myr. Leiv Årseth er sjølve definisjonen på utømmelege pågangsmot. Han er mannen bak spakane på gravemaskina, tilretteleggjaren for dei sosiale møta med kaffikopp, han som sørgar for at graset veks som det skal, at dei unge spelarane blir ivaretatt og sett, mannen som plukkar søppel slik at trivselsfaktoren både ut
på bana og ved klubbhuset er som den skal, han som verkeleg brenn for at andre skal ha det kjekt saman og ser verdien av å ha ein sosial arena for både meistring og leik som er tilgjengeleg for alle – mannen av få ord , men av store handlingar.

Leiv er til stor inspirasjon og glede for alle som er involvert i klubben, lokalsamfunnet og frivilligheita. Seint og tidleg er han ute og sørgar for at graset har gode vekstvilkår, hakkar is, legg rør i grøfter, gjødslar på rett tidspunkt, klippar greenar og kjem med innspel på korleis klubben kan utvikle seg vidare. Leiv har unik kunnskap og erfaring som han gjerne deler med dei andre frivillige i klubben.

Leiv er til stor inspirasjon og glede for alle besøkande, frivillige og brukarar av golfanlegget og møteplassen i Sunnfjord ein ekte primus motor for fysisk aktivitet, inkludering, mangfald, golfglede og trivsel. Ein svært viktig del av klubben si historie og framtid!

Klubben er veldig glad for at Leiv tok på seg rolla som Greenkeeper i 2024. Leiv er ein viktig bidragsytar i bane og anleggsutviklinga for klubben. Han er framleis den første til å sette seg inn i gravemaskina når nye prosjekt tek til!

Leiv Årseth sin innsats gjer enorm skilnad for Sunnfjord Golfklubb, og er ein fortent mottakar av Eldsjelprisen.

Anita Nordheim, Leiv Årseth og Jenny Følling. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Kort om Eldsjelprisen

  • Sunnfjord kommune deler årleg ut ein eldsjelpris for å løfte fram og gje merksemd og heider til ein einskildperson som har gjort ein særleg  langvarig og/eller ekstraordinær innsats innan frivilliglivet.
  • Utval for samfunn, kultur og næring vedtek kven som får prisen etter ein open nominasjon.
  • Mottakaren får eit diplom og ei pengegåve på 10 000 kroner.