Eininga Kultur og ungdom har tilsett ny einingsleiar

Inge Larsen er tilsett som einingsleiar for Kultur og ungdom frå 1. januar 2025.

Presentasjon av den nye einingsleiaren

Namn: Inge Larsen    
Eining: Kultur og Ungdom 
 

Einingsleiar for Kultur og ungdom Inge Larsen - Klikk for stort bilete Inge Larsen

Litt om meg sjølv:

Er frå Tysfjord Kommune i Nordland. 50 år, gift med Desiree og er far til Elias, Anna Kamilla, Johannes og Jakob. Bur på Sande.

Har vært aktiv innan kultur og idrett, med mellom anna ski, løping, bridge, skulemusikk, revy og organisasjonsarbeid. Vært trener og lagleiar innan fotballen i Gaular og Førde. Ihuga Bodø/Glimt supporter som likar å arrangere aktivitetar for andre og trivst godt på fisketur på sjøen eller i eit fjellvatn.

Utdanning/arbeidserfaring:

Grunnfag Statsvitenskap. Økonomi og administrasjon frå høgskulen i Sogndal og høgskulen i Molde. 

Har jobba i Fjaler og Sparebank og Gjensidige bank, Sogn og Fjordane Teater og har jobba på Førdehuset sidan 2011. Jobbar og som deltidsbrannmann i Sunnfjord brann og redning.

Tankar rundt den nye jobben: 

Eg gleda meg til å få vere med på å utvikle Førdehuset og eininga på en slik måte at vi er synlege i heile Sunnfjord. Det vil bli eit spanande år for Førdehuset og dei tilsette her som skal vere vert for VM i vektløfting.