DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap.
Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst sju døgn.
Kvifor eigenberedskap?
Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnettet.
I tillegg er vi som bur i Noreg, som er blant verdas tryggaste og mest stabile land, vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ein sårbarheit.
Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskt hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.
Ved å vere førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.
Brosjyre
Brosjyre "Slik bidrar du til beredskapen i Norge, gir grunnleggande informasjon samt tips og råd om eigenberedskap.
Brosjyren er oversatt til 32 ulike språk. Du finn brosjyren her
Sjekkliste for eigenberedskap
Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint mogleg å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.
Mat og vatn
- Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker.
- Mat som toler å bli lagra
romtemperatur. - Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Ekstra gassbehaldar eller brennstoff.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Litt kontantar og fleire balingskort.
Informasjon
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Batteri og opplada batteribank.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer og nummera til legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.
Varme og lys
- Varme klede og pledd, dyner eller soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved – dersom du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs.
- Avtale om overnatting.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
Legemiddel og hygiene
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar.
Råd om eigenberedskap for verksemder.
DSB har samla nokon overordna råd som kan vere nyttig for alle verksemder – offentlege som privat, stor eller liten og som ønskjer å vere budd på ulike krisesituasjonar.
Råda finn du her.
Spørsmål og svar om eigenberedskap
Kva er det eigentleg vi bør førebu oss på ? Kva er det viktigaste eg bør skaffe meg? Kva gjer eg om eg ikkje har råd til å skaffe meg eigenberedskapslager? Kva er ein beredskapsvenn ?
Her finn du svara på desse og andre vanlege spørsmål om eigenberedskap.