Draumkvedet i Ålhus kyrkje – kyrkjekonsert fredag 27. september

Draumkvedet tek opp kjærleik og nåde i ei brytningstid der dette var nye måtar å tenkje på. Saman med lovtekstane som vart skrivne i same periode er diktet ei kraftfull påminning om korleis det gode alltid er mogleg å velje og ei betre verd alltid er mogleg å skape.
Kyrkjekonsert fredag 27. september klokka 22.00 i Ålhus kyrkje.

Samstundes som Magnus Lagabøte samla landet vårt under ei lov som sette rett framfor makt, blømde håpet om kjærleik og nåde i songar og stev. Ein stad i Telemark skal Olav Åsteson ha falle i søvn på julafta og ikkje vakna før trettande dag jul. Då gjekk han til kyrkje for å fortelje om det han hadde drøymt. Slik fanst forteljinga mellom dei som høyrde og dei som fortalde i mange hundre år, før ho vart nedskriven som «Draumkvedet» slik vi kjenner det i dag.

Vårt største visjonsdikt og mest kjende middelalder-ballade fortel om håp og tilgjeving i ei form som minner mykje om den guddommelege komedien av Dante frå same periode. 
Mykje seinare kan vi lese triologien av Jon Fosse og sjå korleis samtidstekstane finn si form i den same veven.

Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet gjennom tidlause kontrastar og klangar i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og slår fylgje med Olav Åsteson i draumen. Konserten vil likevel formidlast med diktet og dei tradisjonelle melodiane i fokus.

  • Billett 250 / 150 (student, skule-elev) 


 Kjøp billett til kyrkjekonserten Draumkvedet

 

Les meir om Landslovsfeiringa på Ålhus