Kort om planarbeidet
Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Vidar Grimsbø. Planområde: Gjeld gbnr. 355/10 og 355/10/1er samla om lag 36 dekar, der om lag 25daa er dyrka mark.

Bakgrunn og formål:
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering campingplass med oppstillingsplass for bubilar, campingvogner og teltplassar, samt tilrettegging for konsertarena/utstillingsplass/messeområde ol., med tilhøyrande servicefunksjonar og aktivitetsområde. Campingplassen vil få tilkomst direkte frå E39 via oppgradert avkøyrsle/tilkomst. Forslagsstillar har tidlegare gjort avklaringar mot Statens vegvesen (SVV) med omsyn til avkøyrsla som vil vere naudsynt å etablere, og legg til grunn at ny avkøyrsle kan etablerast gitt at avkøyrsla til gbnr. 355/10/1 vert stengt/fjerna.
Planområdet er regulert til LNF i kommuneplanen som vart vedtatt i 2024. Formålet med reguleringa er permanent campingplass som er plassert i vedlegg 2 i KU-forskrifta, tiltak som skal vurderast nærmare. I oppstartmøtet vart det ikkje rådd til oppstart av planarbeid jf. Pbl § 12-8, 2. fordi: Området er regulert til LNF i kommuneplanen, som var vedtatt i 2024. I arbeidet med kommuneplanen var området vurdert til campingplass, men det vart bestemt at det skulle være LNF.
Forslagsstillar bad om at planinitiativet vart førelagt kommunestyret for avgjerd. I kommunestyresak 116/25 godkjente kommunestyret planinitiativet og gav løyve til oppstart av planarbeidet.
Sjå viktige dokument i saka
Sjå alle dokument detaljregulering Sunnfjord camping
Sei di meining innan 27. mars
Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 27. mars.
Slik sender du innspel eller spørsmål
Send innspel eller spørsmål til Ane Marie Gjerland, Norconsult Norge AS.
Lovverk