Detaljregulering Slåtten barnehage og byggefelt - varsel om oppstart

  • Det er varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering Slåtten barnehage og byggefelt gbnr. 23/171 mfl.
Kartutsnitt  Plassering av planområdet - Klikk for stort bilete Norkart

Kort om planarbeidet

Planen skal legge til rette for etablering av barnehage i tilknyting til Slåtten skule, samt bustader som ei utviding av bustadområdet på Slåttebøen.
Forskrift om konsekvensutredninger etter plan- og bygningsloven er gjennomgått og ein har vurdert at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing for gjennomføring av planarbeidet.

Nordplan AS gjennomfører planarbeidet  for  Sunnfjord kommune og Sunnfjord Tomteselskap AS som har fremja planen.

Bakgrunn og formål 

Bakgrunnen for planarbeidet er tiltak 3 vedtak i Formannskapet 09.02.2023 (sak 23/618) om å bygge ny 6-avdelings barnehage i Slåtten skulekrins. Vedtaket et basert på Sunnfjord kommune sin Plan for framtidig struktur av barnehagar i Sunnfjord kommune.
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av barnehage og bustadar med tilhøyrande trafikkareal og uteopphaldsareal, samt teknisk infrastruktur.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 16. mai 2024

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 16.mai.

Slik sender du innspel eller spørsmål

Send innspel eller spørsmål til Nordplan AS avdeling Sunnfjord v/Elisabet Digernes Eikås

Lovverk