Kart som viser planavgrensinga. Kartet er utarbeidd av Statens vegvesen.Kort om planarbeidet
Statens vegvesen skal i samråd med Sunnfjord kommune i gang med å lage detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet.
Vi ber med dette om innspel til arbeidet.
Frist for innspel er 19. oktober 2026.
Bakgrunn og formål:
Statens vegvesen gjennomfører planarbeidet. Prosjektet planlegg for utbetring av eksisterande E39 med eit breiare tverrprofil samt utskifting av Østenstad bru. Planarbeidet vil også omfatte vurdering av moglegheita for omlegging av elveløp ved Østenstad då elva her går kloss i eksisterande veg. Prosjektet skal også planlegge for utbetring av kollektivhaldeplassar, betre tilhøvet for mjuke trafikantar og vurdere avkøyrsletilhøve og sideterreng på strekninga.
Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiinga. Planarbeidet utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 19. oktober
Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 19. oktober 2026.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel eller spørsmål
Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan
19.10.2026 til:
eller brev til:
Statens vegvesen
Pb. 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
Merk innspel med saksnummer «26/47148»
Har du spørsmål eller ynskjer å ta ein prat med oss kan du ta kontakt med:
Planleggingsleiar Runa Aaland Eggum
Tlf 95 75 61 06
e-post til Runa Eggum
Prosjektleiar Sonja Irene Rosenlid Fjellkårstad
Tlf 99 16 58 57
e-post til Sonja Fjellkaarstad
Lovverk
Dette varselet er sendt ut i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8.
Planen vert utarbeidd etter §§12-3 og 3-7.