Detaljregulering Mo – høyring

Detaljregulering Mo gbnr. 47/1 er lagt ut på høyring. Høyringsperioden er 15.03.2024–03.05.2024.
 

Flyfoto som viser kvar området ligger - Klikk for stort bilete Flyfoto er henta frå GISLine.

Kort om planen

Planområde ligg på Mo, mellom Førde og Vassenden, og gjeld delar av gbnr. 47/1, og er samla om lag 700 dekar. 
Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 07.03.2024. 
Planframlegget skal skape føreseielege rammer for verksemda knytt til Førde vidaregåande
skule avdeling Mo. Planen skal sikre eksisterande bruk av areala og gi langsiktig fleksibilitet for utvikling.

Landbruk-, natur- og friluftslivskvaliteter og kulturmiljø i området skal bli sikra, og elles legg
planen til rette for øvingsareal for anleggsteknikk på nordsida av E39 inkludert steinbrot, og
areal til utviding for undervisningsføremål knytt til verksemda på skulen.
Vedtak av ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande kommuneplan Førde.
 

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 03. mai. 

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 03 mai.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Bruker du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
 

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk skjema: 
Send innspel til 21/8483
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer 21/8483.
•    postmottak@sunnfjord.kommune.no 
•    Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde

Har du spørsmål?


Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.

Lovverk

Sjå innkomne innspel og andre dokument 

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.