Det bles ein digital vind over helsetenestene i landetInternett og skjerm er kome for å bli, og tal kommunar og pasientar som tek i bruk digital heimeoppfølging (DHO) er stadig aukande.Kick-off for nye DHO kommunarKick-off for nye DHO kommunar blei helde i Sogndal torsdag 30.oktober. Aurland og Høyanger er nye kommunar med i samarbeidet og sysIKL har også meldt si interesse.Med måleapparat som er standard i norsk helsevesen, kan ein innbyggjar idag gjere målingar ein før måtte til lege for å gjere, heime.Ein kan også legge til spørjeskjema der svara blir summert i grøn, gul eller raud kategori etter alvorlegheitsgrad. Og med mogelegheit for dialog via video og meldingar med fast helsepersonell har ein gode føresetnader for å gje gode tenester og for å fange opp sjukdomsforverringar før dei vert for alvorlege og ein treng meir omfattande helsehjelp.Sunnfjord kommune driv prosjektet digital heimeoppfølging der ein i tett samarbeid med kommunane Stryn, Sogndal og Luster har utarbeidd felles rutiner, arbeidsreiskap og malverk for arbeidet. Helse Førde er ein viktig samarbeidspart og ein samhandlar no om digital heimeoppfølging til to diagnosegrupper der sjukehuset har ei viktig rolle som rådgjevande instans. Les meir om digital heimeoppfølging Sist endra 03.11.2025 14.27