Dagunn Klakegg 94 ivrar for at også dei eldste eldre får tilrettelagt treningsprogram

Vi har mange eldsjeler i kommunen vår, ei av dei er Dagunn Klakegg. Etter sjølv å ha vore på rehabiliteringssenter, fekk ho ideen om å digitalisere trimprogram som alle kan nytte uavhengig av funksjonsnivå.

No kan alle trimme

Dagrunn har skaffa midlar gjennom Dammstiftelsen og ordna med fagekspertise og filmprodusent. Arbeidsgruppa består elles av Gerd Torunn Osland frå Telsepensjonistane og Kari Valle frå Førde frivilligsentral. Nyleg  presenterte arbeidsgruppa trimprogrammet for einingsleiarar innan omsorg, og var i dialog om korleis programmet kan nyttast på omsorgssenter. Frivillige, pårørande, elevar og studentar kan vere ressursar i det å legge til rette for slik trening på omsorgssentra. Entusiastiske einingsleiarar deltok sjølv på treninga og tok vel imot denne nye aktiviteten. Førre veke presenterte arbeidsgruppa opplegget i Eldrerådet, der medlemmane fekk seg ei treningsøkt. Dei meinte dette var eit svært godt tiltak og ein fin aktivitet å samlast rundt, og at det også får ein sosial effekt.

Det er produsert 3 trimfilmar a 20 – 25 minutt som ligg på YouTube – kven som helst kan ta desse i bruk og få seg ei treningsøkt. God trim!