Sunnfjord kommune

Bygging av nytt VA-anlegg frå Hjortelia i Steiafeltet, Kvernafossen og Trolleskaret

Bygging av nytt VA-anlegg frå Hjortelia i Steiafeltet, Kvernafossen og Trolleskaret

Kart plan Steiafeltet  - Klikk for stort bileteInformasjon om bygging av nytt VA-anlegg frå Hjortelia i Steiafeltet, Kvernafossen og Trolleskaret.

Gangsti og fortau

Sunnfjord kommune skal etablere gangsti i Trolleskaret frå området ved idrettsbana og opp til gamle E39, og vidare langs gamle E39 vert det fortau til kryss Steiavegen og vidare bort til kryssingspunkt mot veg Hjortelia. Gangsti får breidde 3m, fortau breidde 3m langs gamle E39, og 2,75m langs Steiavegen. Det vert etablert gatelysanlegg på heile strekninga. Kryss mellom gamle E39 og Steiavegen vert omarbeida slik at hovudkøyretninga vert inn på Steiavegen når ein kjem sørover på gamle E39. Vegen vidare sørover vert kryss inn på ny hovudveg, dimensjonert for vogntog.

Nytt VA  vatn- og avløpanlegg

I heile traseen for gangsti og fortau skal det etablerast nytt VA vatn- og avløpsanlegg.

Det blir ført fram spillvassleidning frå eksisterande sti ved idrettsbana, og opp til tilknyting nytt anlegg frå bustadfelt Øvre Steia i veg Hjortelia, samt at det løyser ut regulert bustadfelt Steia vest.

Ny vassledning blir lagt i trase frå tilknytingspunkt i veg Hjortelia, og førast til "toppen" av Løfallsfeltet, med tilknyting i veg Kvernafossen. Dette vil stabilisere vasstrykket i feltet, samt gje tilfredsstillande brannvassdekning.

Det blir etablert overvassanlegg på delar av strekninga.

Det blir lagt opp til tilknyting av nye abonnentar for vatn og avløp langs traseen.

I del av veg Kvernafossen skal eksisterande VA-anlegg sanerast. Det er registrert setningar på eksisterande røyr, som gir lekkasjar. Arbeidet inneber også i praksis justering av kabelgrøfter, ny overbygning veg og nye gatelys på traseen.

Aktuell del av Kvernafossen vil verte stengt ved gjennomføring av dette tiltaket. Det vert lagt opp midlertidig vassforsyning for dei som vert direkte berørt. Ein må elles pårekne stenging av vatnet ved nokre høve, men dette vert varsla særskilt til dei som vert berørt.

  • Vasstrykk i byggefelta: Dei som er påkopla kommunal vassleidning i dag vil ikkje få endra vasstrykk etter at dei nye vassleidningane er etablert.
  • Stenging av vatnet: Ved stenging av vatnet vil det bli sendt ut SMS varsling eller på anna måte varsla til dei husa som blir berørt.
  • Vegstenging: Ved vegstenging vil dei husa som blir berørt av vegstenginga bli varsla med SMS varsling eller på anna måte. Eventuell omkøyringsmuligheit vil bli varsla samtidig.
  • Veglys i Løfallsfeltet, Trolleskaret og langs gamle E39: Det blir etablert nytt veglysanlegg i Løfalsfeltet der det blir greve for VA-anlegget og ned deler av eksisterande GS veg mot Gaular stadion, langs gamle E39 frå kryss Steiafeltet/Hjortelia til den nye GS vegen og langs den nye GS vegen i Trolleskaret.
  • Parkering og midlertidig tilkomst ved vegstenging: Det vert så langt som råd lagt til rette for midlertidig parkering ved kryss mot veg Trolleskaret, og/eller midlertidig tilkomst via gangveg som kjem opp igjen ved leikeplass.
  • Bosstømming: Bosspanna må påreknast plassert på midlertidig henteplass i samband med vegstenging, nærmare informasjon vil i så fall bli sendt ut.
  • Postombering: Postombering kan bli berørt ved vegstenging, det vil i så fall bli sendt ut nærmare informasjon om dette.
  • Framdriftsplan: Det blir laga framdriftsplan som blir lagd ut på heimesida til kommunen i nær framtid. Den blir generell og det kan bli endringar under vegs.
  • Tilstandsregistrering: Det vil blir utført tilstandsregistrering av dei eigedomane som ligg i nærleik til områda det det kan bli utført sprengning av grøft eller fjell. Du vi i så fall bli kontakta av Sunnfjord Takstservice AS.
  • SMS varsling – registrering: Får du ikkje SMS varsling kan du registrere deg på varslmeg.no slik at du får varsling for eigedomen din.

Kart 

Kart Vegmodell Steiavegen mot sør (PDF, 614 kB)

Kart vegmodell fortau (PDF, 672 kB)

Kart gangsti (PDF, 714 kB)

Kart Kvernfossvegen (PDF, 708 kB)

VA - plan og profil Hovedtrase  1 (PDF, 2 MB)

VA - plan og profil Hovedtrase  1 ( kart 2) (PDF, 2 MB)

VA - plan og profil Hovedtrase  1 ( kart 3) (PDF, 2 MB)

VA - plan og profil Hovedtrase 1 ( kart 4) (PDF, 2 MB)

VA - plan og profil Hovedtrase  2 (PDF, 2 MB)

VA - plan og profil Hovedtrase 3 (PDF, 2 MB)

Kontaktpersonar :

Har du spørsmål som vedkjem gjennomføringa av anlegget kan du stille dei til:

  1. Arve Hornnes tlf: 57 61 28 29 mobil:  95 98 96 06 e-post: arve.jarle.hornnes@sunnfjord.kommune.no
  2. Teknisk vakt tlf : 57 72 00 01
  3. Røyseth Maskin AS ved Jørn Birkelid, mobil nr. 90 52 87 29