Byggeskikkprisen i Sunnfjord kommune 2024

Vi vil invitere deg til å kome med innspel til kven du synest fortener byggeskikkprisen til Sunnfjord kommune i 2024. Frist for å sende inn forslag: 1. september.

Om prisen

Kommunen sin pris for byggeskikk er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg, konstruksjonar og tiltak som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet i Sunnfjord kommune. 

Byggkvalitet er kvalitetar som bygget, konstruksjonen eller tiltaket har i seg sjølv og i samspel med omgjevnadane. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjengelegheit og byggeskikk.

Kven kan få byggeskikkprisen?

Det kan vere eit byggverk, ein konstruksjon eller eit handfast fysisk tiltak som:

  •  forskjønnar eit område
  •  skapar gode omgjevnadar
  •  aukar kvaliteten
  •  eit resultat av gode og innovative byggeprosessar.
  •  er tilpassa omgjevnadane
  •  tenkjer nytt om miljøet

 

Det er også mogleg å foreslå gode rehabiliteringsprosjekt. Vi ynskjer innspel på ulike kandidatar utan avgrensing til tema.

Det er initiativtakar, arkitekt eller byggmeister som er mottakar av prisen.

Sjå retningslinjer for byggeskikkpriden

 Frist for å sende inn forslag

  • 1. september 2024

 

Slik sender du inn forslag

Du kan sende inn forslag på elektronisk skjema

Send inn forslag

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 24/5593

•    Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
•    postmottak@sunnfjord.kommune.no

 

Komite for byggeskikkprisen 2024

  • Rune Hegrenes, Senterpartiet
  • Kari Birkeland, Senterpartiet
  • Jakob Andre Sandal, Sosialistisk Venstreparti
  • Ann-Kristin Strømmen, master i arkitektur, Salt Arkitekter AS
  • Arve Seger, siv.ark. MNAL

 

Prisen vil bli delt ut på kommunestyremøte 26. september 2024