Buss er best!

Sjekk ut busstilbodet i Sunnfjord – buss er gjerne det rimelegaste alternativet i tillegg til at nye el-bussar gir  klima- og miljøgevinstar.

dame på bussen - Klikk for stort bilete

Her kan du sjå busstilbodet i Sunnfjord

Skyss: Nye bussar og endra bestillingstilbod i Sogn og Fjordane

Kor vil du reise? 

Bruk Skyss sin reiseplanlegger eller last ned appen Skyss

Vil du reise rimelegare?

Eit månadskort kostar i dag 700 kroner. Brukar du el-bil til pendling kan dette fort utgjere 1 000–1 500 kroner i månaden, avhengig av reiseavstand og slitasje. Reknar du med andre utgifter som renter og forsikring, blir forskjellen endå større.

to på bussen som smiler og er glade - Klikk for stort bilete

Er du opptatt av berekraftig by- og tettstadsutvikling?

I følgje Transportøkonomisk institutt (TØI) gir elbussar større klima- og miljøgevinstar per person enn personbilar, inkludert elbil. Sjølv med batteriproduksjon og lågare fyllingsgrad gir kollektivtransport med nullutslepp ein meir effektiv areal- og energibruk i byar enn privat bilkøyring.