Brukarundersøking på biblioteka i Sunnfjord

Vi inviterer alle brukarar av biblioteka i Sunnfjord til å delta i vår brukarundersøking.

Om undersøkinga

Målet med undersøkinga er å få innsikt i korleis vi kan forbetre våre tenester og tilpasse oss betre til dine behov som lånar ved det enkelte bibliotek. Undersøkinga vil vere tilgjengeleg på alle biblioteka i kommunen som er:  

  • Førde
  • Naustdal
  • Sande
  • Skei
  • Vassenden
  • Viksdalen

 

Skjema får du på biblioteket. Då kan du enten fylle det ut fysisk eller scanne QR koden og fylle det ut heime. 

Dine tilbakemeldingar er viktige for oss, og vi set stor pris på at du tek deg tid til å delta. Resultata frå undersøkinga vil bli brukt til å gjere biblioteka våre endå betre for alle brukarar. 

Takk for ditt bidrag!

Les meir om undersøkinga på biblioteket si nettside