Bruk av digital samkonsultasjon innan psykisk helsevern

Brukarar av helsetenestene har lenge etterspurt om det er  mogeleg å ta i bruk videoløysingar i større grad. Dette vil spare dei for lange reiser til fysiske konsultasjonar med behandlarar.  No er tilbodet her.

Samkonsultasjon er ei type videobasert samtale. Ei samtale der både sjukehus, kommune, og pasient/pårørande er tilstade samstundes. Vi kallar det ofte 3-partsvideo sidan det er tre partar med.  

Sidan dette er eit nytt tilbod, så har vi ikkje mykje erfaring frå før for samtalar med tre partar. Digitale samtalar med to partar er derimot mykje nytta og vi har derfor meir erfaring med det. 
 

Sunnfjord kommune er vertskommune

Fleire  kommunar i Vestland har no i samarbeid med Helse Førde og tidligare e- helse Vestland utvikla og teke i bruk digitale samkonsultasjonar innan psykisk helsevern. Utviklinga  har skjedd som del av eit nasjonalt prosjekt, støtta av Helsedirektoratet.

Planen vidare

Det var Sogndal kommune og Indre Sogn psykiatrisenter som starta med utprøving av denne metodikken.  Den  vart raskt utvida til alle kommunane i Indre Sogn og deretter i alle kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde (gamle Sogn og Fjordane). 

Bruk av samkonsultasjon er blitt meir vanleg også ved ordinære samhandlingsmøter der fleire partar deltek og ikkje berre i samband med utskriving. Senteret har og hatt eigne møter med Sogndal kommune som ønsker at vi større grad også brukar metodikken i andre situasjonar der det er hensiktsmessig. 

Bruk av samkonsultasjonar vil og bli spredt til andre kommunar gjennom etablerte forum og nettverk. 
 

Kontakt

Per Waardal
E-post
Mobil 92 84 75 77