Bli med på Framtidsverkstad for Storehagen!

Vi ønsker innspel frå deg til Sentrumsplanen for Førde. Møt opp laurdag 14. juni, mellom kl. 12.00–15.00, på Storebrua (skywalken) på Alti kjøpesenter. 

  • Kommunen skal lage ein sentrumsplan for Førde. Vi har fått tilskot frå fylkeskommunen til å styrke medverknadsarbeidet og prøve nye metodar for å få innspel frå innbyggarane og andre interessentar. Arki Arkitektar blir med oss for å prøve kreative metodar i framtidsverkstaden.

    Laurdag 14. juni, frå 12.00 til 15.00, på Storebrua på Alti, blir det arrangert drop-in Bylab med temaet Storehagen. Det blir ulike «stasjonar» og ulike måtar å bidra på. Vi håpar på kollektiv undring, konstruktiv kritikk og stort engasjement.

Transformasjon av Storehagen

Storehagen er valt ut som eitt av fire transformasjonsområde i sentrum. Kommunen ønsker difor innspel frå innbyggarar og interessentar for å finne løysingar som tener byutviklinga på kort og lang sikt. 

Dei kvite linjene på bildet, merkar det vi definerer som Storehagen på verkstaden: 

Viser avgrensing av Storehagen på kartet. - Klikk for stort bilete Arki Arkietektar

 

  • Kom med innspel

    Du kan allereie no kome med innspel til knytt til Storehagen. Kva bør vi bruke dette arealet til i framtida? Vi ønskjer alle innspel velkomne – godt og vondt, smått og stort.

    Sei di meining i dette skjemaet. Du kan òg scanne QR-koden for å kome til skjemaet: