Delta i undersøkinga
Det vil ta omtrent 3 minutt å svare på undersøkinga.
Delta i undersøkinga
Korleis påverkar turismen lokalsamfunnet?
Denne undersøkinga er ein moglegheit for innbyggarane i Fjordkysten og Sunnfjord til å dele sine meiningar, erfaringar og ønske om turismen i regionen. Vi ønskjer å få innsikt i korleis turismen påverkar lokalsamfunnet, kva som finst av utfordringar eller moglegheiter, og kva som kan gjerast for å utvikle reiselivet på ein berekraftig måte.
Premie
Alle som deltek i innbyggarundersøkinga er med i trekninga av to billettar til Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet. Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund. Om sommaren, mellom midten av juni til midten av august vert den ordinære postruta forlenga mellom Hardbakke og Bulandet slik at du kan øyhoppe mellom øyane i vest. Retur frå Bulandet til Hardbakke er ikkje inkludert i premien. Les meir om turen på Fjord Norge: Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet - Fjord Norway.
Berekraftig Reisemål
Innbyggarundersøkinga er eit ledd i Visit Fjordkysten og Sunnfjord sitt arbeid for å kvalifisere seg for Merket for Berekraftig Reisemål. Dette kvalitetsmerket er eit viktig mål for destinasjonen og forpliktar reisemålet til å ta vare på natur, kultur og miljø, styrke sosiale verdiar og vere økonomisk levedyktig. Arbeidet med merkeordninga blir gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge, som er ein viktig partner i vår satsing på berekraftig reiseliv.
Del dine synspunkt og opplevingar
Vi oppmodar alle innbyggarar i Fjordkysten og Sunnfjord til å delta i undersøkinga og dele sine synspunkt og erfaringar. Ditt engasjement og dine erfaringar er heilt avgjerande for å skape eit levande og berekraftig reisemål for både fastbuande og besøkjande. Saman kan vi forme framtida for reiselivet i regionen!
For meir informasjon – kontakt:
Prosjektleiar: Rutt-Lovise Strand, Visit FjordKysten og Sunnfjord