Attraktive byrom

Studio HUG Sunnfjord kommune har fått  370 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune til utvikling av levande byar og stadar i Vestland. Tilskotet vil bli brukt til utvikling av Førde sentrum slik at romma mellom bygga  blir meir brukt.

Byrommet utanfor Sogn og fjordane kunstmuseum er valgt ut som rommet som skal bli lagt til rette for opphald og leik i dette prosjektet. Arkitektfirmaet, Studio HUG,  er tildelt oppdraget. Dei vi saman med fleire lokale aktørar skape aktivitet i dette byrommet. Installasjonane i byrommet skal stå i eit år. 

Midlertidig paviljong i byrommet

Ved å reise ein midlertidig paviljong ønsker Sunnfjord Kommune velkommen til ein fysisk møtestad for dialog om offentlig byrom med innbyggjarar i Førde. Det unge arkitektkontoret Studio Hug frå Bergen er engasjert for å navigere pilotprosjektet. 

Kva skal til for å etablere eit inspirerande og visuelt synleg byliv?

Studio Hug og Sunnfjord kommune er samde om at eit god byliv startar ut i frå mennesker som aktiviserer den og gror ut derifrå. Det skal setjast opp ein enkel, romsleg struktur konstruert av lokale materiale, med fokus på gjenbruk og sirkulærøkonomi.

Plassen manglar identitet

Det fyrste vi undrar oss over er at plassen manglar identitet. Korleis kan vi gje den karakter? Har den eit namn? Hafstad VGS er med på utfordringa. Elevar ved kunst, design og arkitektur skal arbeide fram romslege kvaliteter som kan løfte plassen og gjere den meir innbydande. Vi ønsker å involvere elevar ved jordbruksskulen med kunnskap om plantar og urban beplanting. 

Gje plass til det plassen alt rommar

Å generere eit godt byliv handlar ikkje nødvendigvis om å legge til noko nytt. Heller om å gje plass til det den alt rommar. Det er dette Studio HUG ønsker å byggje opp under. Vi har starta eit prosjekt som har potensiale til å vokse og gro med kvar og ein som involverer seg. Vi håpar å nå ut til naboar, ungdomsråd, eldreråd, studentlag, lokale aktørar og eldsjeler som kan vere med å sette sitt preg på staden og drifte den. 

Vise kva du held på med og få tilbakemelding i ein ny setting

Paviljongen skal stå i eit år og vi håpar den blir fylt med liv i denne perioden. Intensjonen er at sunnfjordingar og besøkande skal kjenne eigarskap til paviljongen. At ein kan oppsøke noko ukjend og utveksle tankar og kunnskap. Det er ein paviljong der ein kan vise kva ein held på med og få tilbakemelding i ein ny setting.

Tidslinje for framdrift i prosjektet

Sjå aktivitetane fram til nytt byrom

Vi oppfordrar alle til å nytte seg av møteplassen når tilbodet står klart i starten av juni.