Årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2025–2028

I kommunestyremøtet 13. desember 2024 blei det gjort vedtak om årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2025-2028.

Sjå årsbudsjett, økonomi og handlingsplan 2025–2028

Økonomisk omstilling

Sunnfjord kommune står framfor ei økonomisk omstilling. Det er nødvendig å gjere innsparingar då driftsnivået i Sunnfjord kommune over tid har vore for høgt. Ambisjonsnivået på innsparingar er 121 mill. kroner i løpet av planperioden.

I tillegg er det nødvendig å gjere omstillingar då vi blir færre barn og unge og fleire eldre. Midlar må flyttast frå tenester med færre brukarar til tenester med fleire brukarar. Ambisjonsnivået på omstillingar er 64 mill. kroner i løpet av planperioden.

Innsparings og omstillingsarbeid

Målet med det samla innsparings- og omstillingsarbeidet på totalt 185 mill. kroner i planperioden er å oppnå ein stabil og føreseieleg økonomi i Sunnfjord kommune. Dette er nødvendig for å skape større handlingsrom til å kunne prioritere blant gode formål, og for å gje best moglege tenester til innbyggarane. Forslag til årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan for 2025-2028 er derfor eit første steg for å oppnå denne målsettinga. Nivå på innsparing- og omstilling er i planen fordelt på dei ulike sektorane. Konkrete tiltak kjem i tenesteanalyse og eigne plandokument parallelt med politisk handsaming av dette dokumentet.  

Investering

Sum prioriterte investeringar utgjer i 2025 164,4 mill. kroner. Desse er finansiert med 27 mill. kroner i mva-kompensasjon, 0,7 mill. kroner i spelemidlar, 130 mill. koner i låneopptak og 6,5 mill. kroner frå ubunde investeringsfond. Det er ikkje funne handlingsrom i drifta til å overføre midlar får drift til investering før i 2026.

Dei to største investeringsprosjekta i planperioden er rehabilitering Sande skule med 204 mill. kroner, avsetjing av midlar til ny sjukeheim i Førde med 193 mill. kroner

Folketalsutvikling

Basert på folketalsframskriving frå SSB md middels nasjonal vekst kan vi forvente:

  • Det totale folketalet i Sunnfjord kommune aukar med 208 innbyggarar eller 1 % fram til 2034
  • Aldersgruppa 80–89 år vil auke med 596 innbyggarar eller 76 % fram til 2034
  • Aldersgruppa 20–66 år vil bli redusert med 110 personar eller -1 % fram til 2034
  • Aldersgruppa 6–15 år vil bli redusert med 470 innbyggarar eller 16 % fram til 2034
  • Aldersgruppa 1–5 år vil bli redusert med 49 innbyggarar eller -5 % fram til 2034

 

Dei siste åra har låge fruktbarheitstal påverka folketalsveksten negativt og det har dei siste åra sett ut til at folketalsauken blir kraftig redusert. Det er usikkert korleis flyktningestraumen vil påverke bildet framover. 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
E-post
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61