Arrangør? Registrer profil i aktivitetskalenderen

Det er mange aktivitetar i Sunnfjord kommune sjølv i desse tider. Mange av dei med avgrensa tal plassar.  Kommunen har oppretta ein digital aktivitetskalendar slik at det blir lettare å følge med på kva som skjer og delta.

1500 kroner i premie 

Aktivitetskalenderen er både for kommersielle aktørar og lag/organisasjonar. Vi synest det er kjekt at så mange har registret profil fram til no! Men vi håpar sjølvsagt at dei fleste arrangørar i Sunnfjord kommune ser seg nytte i å opprette ein profil, for å synleggjere seg.

29. mars trekker vi ein tilfelding ein arrangør som får 1500 kroner. Alt du treng å gjere for å vere med i trekninga er å ha oppretta ein arrangør-profil.

Opprett profil her

Har du spørsmål eller treng meir informasjon?

Litt om kalendaren

  • Kalenderen er gratis og kan brukast av alle som tilbyr aktivitetar i Sunnfjord kommune. 
  • Kalendaren kan også brukast til å rekruttere frivillige.  For deg som ønsker å vere frivillig er det mulighet for å melde si interesse for aktivitetar du vil arbeide som frivilleg for. 
  • I kalendaren er det mulighet til å legge inn påmelding dersom det er avgrensa tal plassar på aktiviteten. Den vil derfor også kunne fungere som eit verktøy ved eventuell smittesporing etter eit arrangement.

Finn du ikkje aktuelle aktivitetar?

Kalendaren vil bli fylt opp med aktivitetar i takt med at arrangørar tek den i bruk. 

Har du spørsmål om kalendaren?

Kontakt Camilla Søvig:  camilla.sovig@sunnfjord.kommune.no