Årets lærar er Harald AarøenAv 1400 nominerte lærarar i Noreg vart Harald Aarøen kåra til årets lærar av NRK Super.Harald Aarøen er lærar ved Halbrend skule og er kontaktlærar på barnetrinnet. Elevane i klassen til Harald nominerte han og ein jury valte Harald til årets lærar 2026. Det er stort å bli kåra til årets lærar og Harald er ein flott representant for alle dei dyktige dedikerte lærarane i Sunnfjord kommune. Dei gode skuleresultata i Sunnfjordskulen, med 10 på topp plassering tre år på rad, stadfestar den gode jobben som blir gjort kvar dag.Ordførar Jenny Følling og kommunalsjef Åge Stafsnes tok turen opp til Halbrend skule og fekk gratulert Harald og klassen som hadde nominert han. Vi gratulerer Harald med tittelen årets lærar! Sunnfjord kommune Sist endra 13.05.2026 15.19