Aktivitetskalender

Sunnfjord kommune har klar ein aktivitetskalendar til deg!

Det er mange aktivitetar i Sunnfjord kommune sjølv i desse tider. Mange av dei med avgrensa tal plassar.  Kommunen har oppretta ein aktivitetskalendar slik at det blir lettare for deg å følge med på kva som skjer og delta.

Sjå aktivitetskalendaren

Er du arrangør?

Kalendaren kan også gjere det lettare for deg som er arrangør. I kalendaren er det mulighet til å legge inn påmelding dersom det er avgrensa tal plassar på aktiviteten. Den vil også kunne fungere som eit verktøy ved eventuell smittesporing etter eit arrangement. Kalendaren er klar, så det er berre å ta den i bruk!

Kalendaren er gratis å bruke både for deg som er deltakar og deg som er arrangør. 

Finn du ikkje aktuelle aktivitetar?

Kalendaren vil bli fylt opp med aktivitetar i takt med at arrangørar tek den i bruk. 

Har du spørsmål om kalendaren?

Kontakt Camilla Søvig:  camilla.sovig@sunnfjord.kommune.no