4 250 000 kroner til å styrke arbeidet for elevar med alvorleg fråvere i skulen

Sunnfjord kommune har fått ei tildeling på 4 250 000 kroner! Pengane skal styrke arbeidet med elevar som strevar med alvorleg fråvær i skulen. Midlane har kommunen fått gjennom «program for folkehelse i kommunane».

Sjølv om Sunnfjordskulen har gode faglege resultat, og skårar godt på trivsel blant elevar, ser ein at det er nokre utfordringar som ein ikkje opplever å lukkast godt nok med. Elevar som har alvorleg skulefråvær er ei utfordring nasjonalt, og ein ser at det er aukande. I kommunen vår er det tradisjonelt få elevar som «fell ut» og fleire enn landssnittet som fullfører vidaregåande skule, men ein ynskjer likevel å styrke arbeidet i laget kring eleven slik at ingen born og unge opplever å hamne på «utsida». 

Samarbeid med Høgskulen på Vestlandet

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet skal Sunnfjord kommune no starte opp prosjektet som har fire hovudmålsetjingar: Førebygging, samhandling, medverknad og ny kunnskap. Ein ynskjer å rigge alle som er involvert i «laget kring elevane» til å førebygge alvorleg fråvær enda betre enn ein gjer i dag. Ein ynskjer også å vidareutvikle samarbeidet mellom heimen, skule, helsetenester og spesialpedagogiske tenester, og på den måten styrke samarbeidskompetansen. 

Medverknad frå innbyggarane

Medverknad frå innbyggarane er heilt sentralt i prosjektet. Intervju med elevar og føresette som hadde utfordringar med alvorleg skulefråvær var utgangspunktet for heile søknaden. Disse stemmene skal prege heile prosjektet, frå start til slutt.

Ny kunnskap

Det siste målet med prosjektet er å skape ny kunnskap på feltet. Her vert Høgskulen på Vestlandet (HVL) ein sentral part. HVL vil bidra med kompetanse og leie arbeidet med evaluering. Ein håpar også at prosjektet kan gi HVL ein arena for forsking og vitskapsutvikling på feltet. 

Tilsetje ein prosjektleiar

Første steg i prosjektet blir å tilsetje ein prosjektleiar. Deretter skal ein setje saman prosjektgruppa med fleire referansegrupper, og saman legge den endelege planen for korleis ein skal jobbe for dei elevane og familiane i kommunen vår som av ulike grunnar ikkje kjem seg på skulen.