Gregory Idehen
Aktivitetstilskot 2025
Kommunestyret har sett av 125 000 kr i årsbudsjett i 2025, for aktivitetstilskot.
Utvalet for næring og miljø har vedteke følgande prinsipp for utdeling av tilskotet i møte 11. juni:
- Dei seks nærmiljøråda i kommunen kan søke om aktivitetstilskot.
- Det kan bli søkt om støtte til aktivitet, prosjekt, utstyr eller anna tiltak som bidreg til
gode kvardagsliv i nærmiljøet. - Tiltaket bør vere ope for innbyggarane i lokalmiljøet.
- Støtta er for enkeltløyving, ikkje for å dekke vanlege driftskostnader.
- Dei som får tilskot skal bruke midlane innan eitt år og sende ein kortfatta rapport med budsjett for bruk av tilskotet.
- Søknadsfristen for aktivitetstilskotet er 1. september 2025.
- Utvalet for næring og miljø vedtek fordeling av aktivitetstilskotet i møte 17. september 2025.
Søk innan 1. september
Nærmiljøråda kan søke om aktivitetstilskot, fristen for å søke er 1. september 2025.
Bruk søknadskjemaet under:
Søknadsskjema for aktivitetstilskot
Utvalet for næring og miljø fordelar midlane i møte 17. september.