Gregory Idehen
Aktivitetstilskot 2024
Kommunestyret har sett av 75 000 kr i årsbudsjett i 2024, for aktivitetstilskot.
Utvalet for næring og miljø har vedteke følgande prinsipp for utdeling av tilskotet i møte 23. oktober:
- Dei seks nærmiljøråda i kommunen kan søke om aktivitetstilskot.
- Det kan bli søkt om støtte til aktivitet, prosjekt, utstyr eller anna tiltak som bidreg til gode kvardagsliv i nærmiljøet.
- Tiltaket bør vere ope for innbyggarane i lokalmiljøet
- Støtta er for enkeltløyving, ikkje for å dekke vanlege driftskostnader.
- Dei som får tilskot skal bruke midlane innan eitt år og sende ein kortfatta rapport med
budsjett for bruk av tilskotet.
Søk innan 24. november
Nærmiljøråda kan søke om aktivitetstilskot, fristen for å søke er 24. november 2024.
Bruk søknadskjemaet under:
Søknadsskjema for aktivitetstilskot
Utvalet for næring og miljø fordelar midlane i møte 3. desember.