Førdepakken - sentrumsutvikling Førdepakken inneheld 20 små og større tiltak i Førde sentrum som skal betre tilhøva både for bilistar, gåande og syklande. Omlegging av E39 forbi Førde er ikkje ein del av Førdepakken. Statens vegvesen planlegger og bygger tiltaka i Førdepakken Det er Statens vegvesen som styrer prosjekta i Førdepakken. Førdepakken si eiga nettside Du kan òg følgje Førdepakken på Facebook for å få informasjon om vegstengingar, omkøyringar og anna. Måla med Førdepakken: Vidareutvikle Førde som regionsenter Sentrumsutvikling og utbygging i Førde sentrum Betre vilkåra for gjennomgangs- og lokaltrafikken Unngå framtidige trafikkproblem, og gi betre trafikktilhøve for alle trafikantgrupper Samanhengande sykkelvegnett og at del av trafikken som er gåande og syklande må aukast Skilje av trafikantgrupper skulle gje betre framkome og trafikktryggleik Eit samla vegsystem som skulle løyse utfordringane både for biltrafikken og dei mjuke trafikantane Reguleringsplanane må godkjennast i Sunnfjord kommune Alle reguleringsplanar i Førdepakken må godkjennast av kommunestyret. I tillegg til at planane vert lagt ut til offentleg ettersyn vil vi arrangere opne informasjonmøte. Møta vil bli annonsert på førehand. Sist endra 25.10.2022 15.39