Vestlandslegen i Førde

Statsråd for forsking- og høgare utdanning Oddmund Hoel og kommunal- og moderniseringsminister Erling Sande presenterte i dag gladnyhenda om at regjeringa vil starte opp Vestlandslegen i Førde. 

Det betyr at det i første omgang kjem 20 nye studieplassar innan medisin til Førde. Vestlandslegen er ei desentralisert medisinutdanning der studentane har dei tre første åra på Universitetet i Bergen og dei tre siste i Førde. Ordninga er allereie starta opp i Stavanger. Haugesund vil også bli ein del av den desentraliserte ordninga. Etter kvart vil vi ha 60 medisinarstudentar i Førde kvart år. Dette er eit viktig tiltak for å sikre rekruttering både til ordninga med fastlegar og på lokalsjukehusa. Sunnfjord kommune har saman med Universitetet, Høgskulen på vestlandet og Helse Førde arbeidd lenge med å få dette til.

 

 

Campus Vie prosjektet

Målet med Campus Vie-prosjektet er at vi skal løfte i lag; Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, kommunane i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, næringslivet, fylkeskommunen og andre samarbeidspartar. Målet er å styrke kompetansemiljøet, auke innovasjonskrafta og gjere det attraktivt å ta utdanning og jobb i Sogn og Fjordane. Universitetet i Bergen innfører no ein ny studiemodell kalla Vestlandslegen, og om alt går etter planen, kan vi også ønske medisinstudentar velkomen til Førde i 2030.

Sluttrapport Campus Vie (PDF, 14 MB)

Artikkelliste