Skulefråværsprosjektet

Det er fort gjort å tenke at skulefråvær berre rammar den eleven som ikkje er på skulen. Men det har desverre konsekvensar for mange fleire enn den eine. Søsken og føresette som må sette til side eigne ønsker og behov, føresette som ikkje lenger kan gå i full jobb fordi omsorgsbyrda ikkje kan kombinerast med arbeid, familieøkonomi som ikkjegår ihop fordi pleiepengar ikkje strekk til.

Føresette som vert sjukmelde og sjuke fordi vi ikkje har system , oppføging og avlasting for familiar som står i dette over fleire år. Dette er eit folkehelseproblem, ikkje noko ein kan legge på enkelteleven som ikkje “greier å ta seg saman ” og føresette som ikkje er “strenge nok”.

Dette er eit samfunnsproblem som vi lyt ta tak i saman og la alle gode krefter jobbe i lag !

Kontakt

Cecilie Eikefjord Udberg-Helle
Prosjektleiar skulefråvær
E-post Send e-post til Cecilie Eikefjord Udberg-Helle
Telefon 57 72 60 56