Kvifor må vi gjere innsparingar?

Kommuneplanen sin samfunnsdel i Sunnfjord kommune har som hovudmål å sikre folketalsvekst og berekraftig utvikling i heile kommunen gjennom å vere grøn, mangfaldig og attraktiv. Dette målet kan vi berre nå om vi gjer større økonomiske tiltak. 

Kva er utfordringane?

Den demografiske utviklinga - fleire eldre, færre barn og unge og fleire i yrkesaktiv alder som står utanfor arbeid og utdanning -  vil føre til mangel på arbeidskraft og kompetanse i alle delar av norsk arbeidsliv. Behovet for å finansiere helse- og omsorgstenester, det "grønne skiftet", samt forsvar og samfunnsikkerheit, vil auke meir enn statens finansieringsmoglegheiter. Dette vil påvirke kommuneøkonomien framover. 

Kommunen må gjere tiltak for å oppnå ein berekraftig økonomi slik at vi kan (halde fram å) uvikle kommunen vidare og skape gode kvardagsliv for innbyggjarane våre

Tenesteanalyse for kvar Sunnfjord kommune kan spare pengar

Vi har samalikna drifta vår med kommunar med same innbyggartal og økonomi som oss, KOSTRA-gruppe 9. I tillegg har vi valgt nokre kommunar som liknar oss i forhold til areal, bumønster og organisering; Steinkjer, Sogndal, Kinn og Voss. Målet med denne analysen er å sjå om vi kan lære noko av desse kommunane.

For dei ulike tenestene kan du finne ei kort oppsummering av korleis vi ligg an samanlikna med desse kommunane.

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
E-post
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61