Kunnskapsgrunnlag for omstilling og innsparing

Her kan du lese kva som blei presentert som referatsak kommunestyret 15. februar 2024.

Dette blei behandla i møte

Administrasjonen presenterte ei tenesteanalyse for kommunen. I ei slik analyse ser vi på:

  • korleis kommunen nyttar ressursar
  • kor godt tenestene dekkjer behov
  • kor effektive tenestene er
  • kva brukarane meiner om kvaliteten
  • sjukefråvær 
  • tilsette sin kompetanse

Til analysen henta vi  data frå KOSTRA, kommune-stat-rapportering. Gjennom KOSTRA sender alle norske kommunar og fylkeskommunar inn tal frå sine tenesteområde til Statistisk sentralbyrå. 

I tillegg blei svar frå undersøkingar blant brukarar og tilsette nytta. 

 

Sentrale dokument

Sjå behandling av saka i kommunestyret 

Trykk på kamera-ikonet og vel projektor for å bytte mellom presentasjonar, salen og talarstolen.

Dette skjer vidare

Vidare plan er å definere nivå på innsparing og omstilling. 

Administrasjonen utarbeider eit forslag til diskusjon i formannskapet før sak vert lagt fram mars 2024. 

Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61