Her er andre finalist i arkitektkonkurransen!

I mars lyste Sunnfjord kommune ut ein design- og arkitekturkonkurranse for visningssenter ved Astruptunet. Heile 164 arkitektfirma sendte inn forslag. Fire av dei blir plukka ut som finalistar, ein av dei vinn konkurransen. Vi offentleggjer vinnaren av konkurransen 11. desember. Her presenterer vi den andre finalisten!

Langeleik – andre finalist

“Langeleik”

  • Eladio Ramm, Oslo
  • Atelier Felt, Oslo
  • Samarbeidspartnere: Dipl.-Ing. Florian Kosche, Oslo

Rådgivere:

  • Meta Landskap, Oslo
  • Økologi & Bærekraft, Os
  • Asplan Viak, Oslo

Om instrumentet langeleik

«Langeleiken er, samanlikna med andre instrument, lågmælt av seg. Langeleiken er eit instrument med lang resonanskasse, rundt ein meter lang og ikring ti-tolv meter brei. I de eine enden av kassa er eit stemmehus med stemmeskruer. Strengene er spente frå stemmehuset, over ei bru og til den andre enden av kassa. Langeleiken ligg eller står på eit bord. Under kassa er det festa tre føter, som instrumentet kvilar på. Gamle trebord gjev god resonans og er med på å forsterke lyden enda meir. Langeleiken kan stemmast på ulike måtar. Langeleiken blir brukt i ulike samanhengar, både som danseinstrument, til oppvising, på konsertar, i undervisning og i kvardagslege sosiale samankomer.» Utklipp frå immatriellkulturav.no

Langeleik sett frå Jølstravatnent - Klikk for stort bileteLangeleik sett frå Jølstravatnet Fotograf: Eladio Ramm og Atelier

Dette seier Eladio Ramm og Atelier Felt om forslaget sitt:

"Den grunnleggende ideen for visningssenteret har vært å skape en bygning som resonerer med naturen, stedet og kulturlandskapet. Som langeleiken, eksisterer bygningen i kraft av sine omgivelser, spiller på resonansen med stedets karakter. Jølstervannet og omgivelsene rundt Astrups maleriske univers er preget av det langstrakte landskapsrommet som dannes mellom de omkringliggende fjellene. De myke formene i landskapets fjell og daler forankrer området til forhistorisk tid. På begge sider av vannet finner man plasser hvor mennesker gjennom århundrer har dyrket, pleiet og skjøttet landskapet og transformert vill natur til vakkert kulturlandskap"

Dette legg Sunnfjord kommune vekt på for visingssenteret

Den viktigaste oppgåva til eit framtidig visingssenter er å skåne kulturminnet Astruptunet, både bygningane og hagen, for slitasje ved auka bruk. Det nye bygget skal romme gode fasilitetar for utstillingar, kafé, sanitære forhold, samt studie- og kontorlokale for tilsette og gjesteforskarar og -kunstnarar ved tunet. Visingssenteret skal ligge berre nokre hundre meter vest for sjølve tunet.
Visingssenteret skal ha ei underordna rolle i forhold til sjølve Astruptunet, og forslaga skal vise respekt for og ivareta kulturmiljøet, kulturlandskapet og naturverdiane i området, som er ein viktig del av arven etter Astrup, heiter det i konkurranseprogrammet.
Arkitektkonkurransen er gjennomført i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL)
 

Kontakt

Profilbilde av Anita Nordheim
Anita Nordheim
Kommunalsjef for kultur og idrett
E-post
Telefon 57 72 60 57
Mobil 95 92 24 34