Utvikling av HafstadparkenSunnfjord kommune vil evaluere bruk av Hafstadparken i dag, og sjå på vidareutvikling. Vi ønsker å høyre di meining. Frist for å delta i innbyggarundersøkinga var 1. mai 2023. Vi fekk inn nesten 800 svar. Rapport med resultat vil bli gjort offentleg og vil følge saka. Innbyggarundersøking Vi ønsker å høyre dine meiningar om dagens bruk og vidareutvikling av Hafstadparken. Tilbakemeldingane vi får er anonyme, og vil bli nytta i det vidare arbeide med forprosjektet som skal sjå på vidareutvikling av Hafstadparken og om det eventuelt bør opnast opp for å etablere ein fotballhall i Hafstadparken. Formannskapet gjorde følgjande vedtak 2. mars 2023: Som grunnlag for ei ev. reguleringsendring av detaljreguleringsplanen for Hafstadparken med plan id 1432-2010002, skal Sunnfjord kommune som eigar av Hafstadparken utarbeide eit forprosjekt som skal evaluere bruk av Hafstadparken i dag, og sjå på vidareutvikling. Forprosjektet skal sjåast i samanheng med ønskje frå Førde IL om å etablere ein isolert dukhall på eksisterande fotballbane (bane2), samt inkludere forslag om tiltak frå andre brukarar av parken. Forprosjektet og ei ev. planendring skal bygge vidare på følgjande prinsipp: Hafstadparken skal vidareutviklast etter gjeldande grunnprinsipp om å vere ein park for alle – med høg krav til estetikk Planprosessen skal sikre brei involvering, der at alle får høve til å kome med sine synspunkt om korleis parken bør utvikle seg i framtida – med særleg fokus på tilrettelegging for born og eldre i samfunnet Det skal sjåast på alternative lokaliseringar i- og utanfor Hafstadparken – for etablering av ein ny fotballhall i Førde Forprosjektet med tilråding vert lagt fram for politisk behandling i kommunestyret i juni 2023. Sjå dokument i saka Planfagleg råd – Fotballhall i Hafstadparken saksid: 23/4715 Sist endra 02.05.2023 08.10