
Miljøkrav i kommunale innkjøp
Kommunen jobbar med ein strategi for anskaffingar. Klima og miljø blir vektlagt i tråd med lovpålagte krav. Kommunen bruker innkjøp som ein arena for å stimulere leverandørar av varer og tenester til å strekke seg lengst mogleg for sirkulære og klimavenlege løysingar. Ordningar for emballasje, retur, reparasjon, ombruk og fossilfri produksjon og transport blir etterspurd.
Ombruk av byggematerial og inventar
Kommunen har etablert Sirkulære Sunnfjord som ein arena for samarbeid, kommunikasjon og tiltak for sirkulære løysingar. Handelsnæringa og bygg og anlegg er sektorar med stort potensial i vår region. Kommunen jobbar med fleire prosjekt der ombruk står sentralt:
- Rehabilitering av Sande skule er ein pilot i vår kommune, der moglegheitene for å bruke om att byggematerial og inventar er eit sentralt tema.
- Kommunen nyttar digitale verktøy og system for å kartleggje inventar i nedlagte bygg, for å unngå å kaste brukbare ting og for å redusere behovet for å kjøpe nytt.
- I oktober 2025 startar kommunen ein pilot for ombrukssentral. Denne skal eksistere i tre år som eit mellomlager for ombrukbare byggematerial, byggevarer og kommunalt inventar. Kommunen som byggherre, aktørane i byggenæringa og innbyggarane er målgruppa i første omgang.
- Frå og med 2022 og vidare til 2028 jobbar kommunen med kommunikasjon og innsamling av erfaring og kunnskap knytt til moglegheiter og utfordringar i verdikjedene. Dette er eit viktig arbeid for å identifisere potensiale og bryte ned barrierar for auka sirkularitet i vår region.
Mission Zero
Kommunen er vert for eit samarbeid for utvikling og testing av ny teknologi for avløpsreinsing. Her er eit stort potensial for reduserte utslepp til sjø og vatn, energinøytralitet, ombruk av slammet og reduserte utslepp frå transport.
Areal- og klimanøytralitet
I tråd med kommuneplanen sin arealstrategi jobbar kommunen for å unngå å ta i bruk meir av naturen til utbyggingsføremål. Samtidig som ein legg til rette for betre utnytting av eksisterande byggeområde, til dømes gjennom fortetting og transformasjon. Natur med særskilde verdiar og funksjonar, til dømes myr og våtmark, har fått eit særskild omsyn i kommuneplanen. Klima, miljø og ombruk er viktige tema i nye reguleringsplanar. Handtering av massar og matjord har strenge føringar.
Her kan du lese meir om sirkulær økonomi: