Klimaomstilling

Smartare, tryggare og grønare. Klimaomstilling handlar ikkje berre om utsleppskutt, men også om samfunnsendring og korleis vi tilpassar oss til framtida.

Redusere klimagassutsleppa med minst 40 % innan 2030

Dette er hovudmålet i Sunnfjord kommune sin klimaomstillingsplan for 2019-2030 . Saman med planen følgjer eit handlingsprogram med 31 tiltak som kommunen vil prioritere dei første åra.

Klimafotavtrykket er det samla utsleppet som følgje av forbruket vårt: Varer og tenester som vi kjøper, mat, energi, transport i inn- og utland, og innkjøp i kommunen og andre offentlege etatar.

Jordbruk, vegtransport, bygg og anlegg er dei største kjeldene til direkte utslepp i Sunnfjord kommune. I kommunen si eiga verksemd er dei største utsleppa frå transport og innkjøp av varer og tenester til kommunale bygg og anlegg.

Bilde som viser Klimafotavtrykk av innbyggarane 286kt, Skog og annan arealbruk 157kt, direkte utslepp 107 kt og Kommunen som verksemd 22 kt..png - Klikk for stort bilete

  

 

Klimaprosjekt i Sunnfjord kommune

Mobilitetsstrategi

Sunnfjord kommune har vedteken ein strategi for klima- og miljøvenleg transport. Hovudmåla er betre folkehelse, berekraftig by- og tettstadsutvikling og reduserte klimavenleg transport.

Mobilitetsstrategi-vedteken 22.09.2022.

  

Sirkulære Sunnfjord

Berre 2,4 % av norsk økonomi er sirkulær. Dette fører til overforbruk av ikkje fornybare ressursar. Sunnfjord kommune jobbar med å auke graden av ombruk av ressursane.

Les meir om prosjektet

Eletriske tenestesyklar

Kommunalt tilsette har tilgang til 13 el-syklar til tenestereiser og pendling.

Lenke til Sykkelbyen Førde.

 

Ladepunkt for el-bilar

Dei siste åra har Sunnfjord kommune etablert 70 ladepunkt for kommunale og private bilar.

 


 

  

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 21
Mobil 92 65 81 66

Arbeider med klima og miljø.