Klimaomstilling

Smartare, tryggare og grønare. Klimaomstilling handlar ikkje berre om utsleppskutt, men også om samfunnsendring og korleis vi tilpassar oss til framtida.

Redusere klimagassutsleppa med minst 40 % innan 2030

Dette er hovudmålet i Sunnfjord kommune sin klimaomstillingsplan for 2019-2030 . Klimabudsjettet er handlingsprogrammet for å nå måla for klimaomstilling.

Klimafotavtrykket er det samla utsleppet som følgje av forbruket vårt: Varer og tenester som vi kjøper, mat, energi, transport i inn- og utland, og innkjøp i kommunen og andre offentlege etatar.

Jordbruk, vegtransport, bygg og anlegg er dei største kjeldene til direkte utslepp i Sunnfjord kommune. I kommunen si eiga verksemd er dei største utsleppa frå transport og innkjøp av varer og tenester til kommunale bygg og anlegg.

Bilde som viser Klimafotavtrykk av innbyggarane 286kt, Skog og annan arealbruk 157kt, direkte utslepp 107 kt og Kommunen som verksemd 22 kt..png - Klikk for stort bilete

  

 


 

  

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
Telefon 57 71 85 21
Mobil 92 65 81 66

Arbeider med klima og miljø.