Moglegheitsstudie Elvehagen

Asplan Viak har utarbeidd ei moglegheitsstudie for Vassenden i Sunnfjord kommune. Oppdragsgjevar er Vassenden 2025, som er eitt av fem nærmiljøråd i Sunnfjord kommune. 

Les heile moglegheitsstudiet frå Aplan Viak (PDF, 12 MB)

Hovedmål for moglegheitsstudiet

Hovudmålsettinga for moglegheitsstudiet er å utvikle området til ein attraktiv bydel i den nye kommunen, samstundes som ein tar vare på Vassenden sin identitet. Vassenden ligg i vestenden av Jølstravatnet litt over 200 moh. E39 går gjennom tettstaden. Vassenden er eit typisk brelandskap med høge fjelltoppar ikring. Men eit viktig element som gjev Vassenden sitt særpreg er elva Jølstra. Elva renn gjennom tettstaden og er ei attraktiv fiskeelv samstundes som det er relativt høg produksjon av vasskraft.

Utviklingsplaner

Med bakgrunn i dette ynskjer ein å sjå på moglegheitene for å utvikle ein Aure- og elvepark som knyter saman Vassenden sentrum med Langhaugane, som ligg omlag 3 km lenger ned i elva. Parken skal innehalde både naturopplevingar, rolege område og område for aktivitetar. Gjennom eit stisystem skal planen legge til rette for turmoglegheiter som styrkar folkehelsa og forsterkar kvalitetane ved tettstaden til ein endå betre stad å bu og besøke.

Målet med Aure- og Elveparken

Målet er å skape ein park som menneske ønskjer å besøke, plassar der folk ynskjer å stoppe opp, setje seg ned og oppleve naturen og uformelle møter med andre. Dersom ein skal lukkast med å lage gode stader der aktiviteten er frivillig, slik den er i ein park, må det fysiske miljøet ha høg kvalitet. Med høg kvalitet meiner vi ikkje berre høg kvalitet på materialbruken, men også at det er trygt, at det er rett skala og dimensjonar på sti, plassar og utstyr, at ein får god beskyttelse mot vær og vind, at det er god arkitektur og elles innbydande.

Vassenden nærmiljøråd

Kart over Jølstra aure- og energipark - Klikk for stort bilete Asplan Viak