Taksering av eigedomar

 

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med eigedomskattelova, samt vedtekter godkjende av kommunestyret.

 

Taksering

  • Eigedomsskattetaksten vert rekna ut frå faktaopplysningar. Faktaopplysningar om adresse, areal på bygningar og tomter vert henta frå offentleg eigedomsregister. 
  • Manglar ein arealstørrelsar på bygningar vert det gjort ei utvendig oppmåling ved synfaringa. 
  • Taksten vert vurdert opp mot lokalisering, alder, slitasje, rennovering og andre spesielle tilhøve som kan påvirke eigedomsverdien.
  • Dei spesielle forholda fangar vi opp gjennom synfaring av kvar enkelt eigedom.

Frist for omtaksering

Fristen for å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1. november i året før skatteåret, men Sunnfjord kommune har sett fristen for innmelding av endringar til 31. desember før skatteåret.

Om eigedomsskatten

Eigedomsskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomsskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedtatt i kommunestyret kvart år i samband med budsjettbehandlingane. Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med eigedomskattelova, samt vedtekter godkjende av kommunestyret.

Slik reknar vi ut eigedomsskatten din

  • Det er kommunestyret som  skriv ut eigedomsskatt og bestemmer promille for skattesatsen. Skatten vert krevd inn i lag med dei andre kommunale avgiftene.
  • Eigedommen sin verdi dannar grunnlaget for utrekninga av skatten.
  • Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølv har styring med, og der skatten i si heilheit går til kommunen. 
  • Taksten som vert sett skal spegle ein antatt marknadsverdi. Viser til Eigedomsskattelova § 8 A – 2:  «Verdet av eigedomnen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.»
  • I tillegg kan kommunen frita spesielle eigedommar for eigedomsskatt og innføre bunnfrådrag for bueiningar. Dette vil kommunestyret handsame i samband med den årlege budsjettprosessen.

Kontaktinformasjon

Lovverk

Historikk

Brosjyre - eigedomsskatt Sunnfjord kommune frå 2021 (PDF, 659 kB)