Brannvesenet vurderer brannfaren, fastset nødvendige brannsikringstiltak og avgrensingar. I tillegg seier vi noko om eventuelle krav til ansvarleg arrangør.
Meld frå om overnatting på skular eller barnehagar
Lever melding til brannvesenet minst ei veke før det skal vere eit arrangement med overnatting på skular, barnehagar eller andre bygg som ikkje blir nytta til dette til vanleg.
Meldinga må opplyse om
- kven som er ansvarleg for arrangementet
- kva type arrangement det er
- kor det skal vere
- tidsrom
- persontal
- kven som er kontaktperson under arrangementet dersom ein brann skulle oppstå
Kontakt brann og redning i Sunnfjord kommune
Større arrangement
For store arrangementer bør Veileder for sikkerhet ved store arrangementer følgjast.
Kontakt brannførebyggande personell så tidleg at eventuelle justeringar kan bli gjort i planleggingsprosessen. Store arrangement kan vere både utandørs og innandørs tilstelling som konsertar, folkemøte, LAN, festivalar og liknande.