Melding til brannvesenet ved overnattingSkal du ha overnatting eller arrangement i bygg eller på område som ikkje blir nytta til dette til vanleg, skal du melde frå om arrangementet til brannvesenet i god tid. Dette kan til dømes vere overnatting på skular under store arrangement. Brannvesenet må ha melding for å vurdere brannfarenBrannvesenet vurderer brannfaren, fastset nødvendige brannsikringstiltak og avgrensingar. I tillegg seier vi noko om eventuelle krav til ansvarleg arrangør.Meld frå om overnatting på skular eller barnehagar Lever melding til brannvesenet minst ei veke før det skal vere eit arrangement med overnatting på skular, barnehagar eller andre bygg som ikkje blir nytta til dette til vanleg. Meldinga må opplyse omkven som er ansvarleg for arrangementet kva type arrangement det erkor det skal veretidsrompersontal kven som er kontaktperson under arrangementet dersom ein brann skulle oppståKontakt brann og redning i Sunnfjord kommuneRoy Andre Solvåg-Hellevang, leiar førebyggande avdeling: 95 81 52 82Brannvakt: 90 20 18 61Tilsette ved brann og redning i Sunnfjord kommuneStørre arrangementFor store arrangementer bør Veileder for sikkerhet ved store arrangementer følgjast.Kontakt brannførebyggande personell så tidleg at eventuelle justeringar kan bli gjort i planleggingsprosessen. Store arrangement kan vere både utandørs og innandørs tilstelling som konsertar, folkemøte, LAN, festivalar og liknande. Sist endra 15.11.2024 13.21