Melding om skifte av eldstadDu treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din, men for å sikre at feiaren har oversikt over fyringsanlegga er det viktig at du melder endringar. Send melding til feiaren om skifte av eldstad Når du har montert ny eldstad skal du sende ei melding til feiaren. Meld frå til feiaren om ny montering eller skifte av eldstad Feiaren kan gi pålegg om retting Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig. Skorstein Skal du føre opp ny eller rehabilitere eldre skorstein? Hugs at dette er søknadspliktig. Har du spørsmål, ta kontakt med Feiar Rune Ytredal, tlf. 95 98 96 11 Forskrift Forskrift om brannforebygging Sist endra 03.03.2023 08.19