Informasjon om feiing og bustadtilsyn

Feiing

Feiing vert gjenomført i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova § 6  og § 11 bokstav h. samt forskrift om brannforebygging kap. 2 og 7.

Dette må du førebu før feiing av skorstein

  • Sei ifrå til alle i bustaden om at det vil bli feia
  • Det må ikkje fyrast i eldstader (ovn og peis) under feiing
  • Alle ovnsdører, luker og spjeld må være stengt for å unngå sotskade
  • Syt for at feie-/sotluker er tilgjengelege
  • Legge fram stige - denne skal ligge på bakken under takstigen
  • Syt for at det er tilfredsstillande tilkomst for feiing av skorsteinen. Dersom du treng hjelp med stigen, ta kontakt med brannforebyggaren/feiaren på førehand, så vil brannforebyggar være behjelpeleg med stigen.

Har du ikkje avtalt uttak av sot med brannførebyggaren, må du syte for uttak av sot etter feiing - husk då å oppbevare sotet i eldfast behalder.

Adkomst på tak

Der feiing foregår frå tak med helling, skal det være montert takstige – både for at feiaren skal kunne bevege seg trygt og for å unngå skade på taket.

Alle bygg bygd etter 1989 (eller der det er lagt nytt tak) skal ha typegodkjent takstige montert etter monteringsanvisningen.

På bygg som er bygd før 1989 (og det ikke er lagt nytt tak) kan det brukast gamle takstiger. Takstigen skal då være av ubrennbart, varig materiale og være festa til bærande takkonstruksjon. Stiger av jern og treverk er ikkje godkjent.

Takstigen skal ligge inntil skorsteinen og gå opp til mønet, eventuelt i overkant av skorsteinen, slik at brannforebyggar kan stå i takstigen (der det ikkje er feieplattform) under feiingen.

Plattform

På skorsteinar som er høgare enn 1,2 m over der feiaren står skal det være plattform eller feieluke.

Gangbru

Mellom to skorsteinar skal adkomst skje via takbru, eventuelt kan det monterast eigen takstige til kvar skorstein.

Eigars ansvar

Det er eigar som er ansvarleg for at det er tilfredsstillande tilkomst for feiing.

Etter utført feiing

Etter at skorsteinen er feia må du ta ut sotet fra sotluke. Sotet må oppbevarast i eldfast behalder.

 

Bustadtilsyn

Tilsynet vert gjenomført i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova § 6  og § 11 bokstav h. samt forskrift om brannforebygging kap. 2 og 7.

Ved varsel om tilsyn:

Vi ber om at eigar, eller representant for eigar er til stade og syt for at samtlege eldstader og skorsteinar er tilgjengelege.

Eigar må gjere alle bebuare kjent med tidspunktet for tilsynet.

Eigar, eller representant for eigar, må ha dokumentasjon for fyringsanlegget klart til tilsynet.

Tilsynet vil omfatte kontroll av at

  • eventuelle tidligare registrerte avvik og anmerkningar er følgt opp og utbetra
  • ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen
  • eldsted, røykkanal, skorstein og eventuelt matesystem for brensel er tilfredsstillande bygt og montert 
  • anlegget er tilfredsstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde
  • at det er montert røykvarslar/brannalarmanlegg i  samsvar til gjeldande krav
  • det er tilstrekkeleg med slukkeutstyr
  • rømningsvegar er i samsvar til gjeldande krav