Bål og grilling

Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita. Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov. Det er forbudt å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel. 

Melding om bålbrenning

Bålforbod 15. april–15. september

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog-, gras- og lyngbrann. Sjølv eit lite kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr i marka rundt og føre til brennspreiing. I Norge er det difor bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål i eller i nærleiken av skog og anna utmark. 

Alle plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. 

Nokre hugsereglar ved bruk av eingongsgrill:

  • Ta med flaske som kan brukast til sløkkevatn om elden spreier seg til terreng.
  • Ikkje bruk eingongsgrill der det ikkje er nær tilgang til vatn.
  • Ta omsyn til skogbrannfare og vind.
  • Plasser grillen på ikkjebrennbart underlag.
  • Drukn gjerne grillen i vatn når grillinga er over, eller bruk godt med vatn for å kjøle den.
  • Ikkje forlat grillen ute i naturen. Kast grillen i søppelspann som er laga for grill og kull, eller vent eit par døgn med å kaste den i søpla slik at du er sikker på at grillen er kald. 

Unntak frå bålforbodet

  • Du kan tenne opp bål dersom elden heilt openbart ikkje kan spreie seg. Det kan vere at det til dømes har vore mykje nedbør over lang tid. 
  • Du kan grille på tilrettelagte grill- og bålplassar med ubrennbart underlag. 
  • Du kan grille i din eigen hage. 
  • Sameige/burettslag kan ha eigne retningslinjer. 
  • Det er tradisjon å brenne jonsokbål i grendene. Vi krev ikkje at du søker om om å brenne jonsokbål, men vil ha melding om stad, tidspunkt og bålansvarleg.  

Askvoll kommune

Brannsjefen i Sunnfjord kommune er også ansvarleg for branntenester i Askvoll kommune. Dette gjeld brannvakt, brannøving, tilsyn, spørsmål om fyrverkeri med meir. 

Kontakt brann og redning i Sunnfjord kommune

Japanske og kinesiske lykter

Bruk av japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast  med varsemd og brannfaren er stor.

Nyttig lenke: Sikker hverdag

Kontakt

Brannvakt
Telefon 90 20 18 61
Roy Andre Solvåg-Hellevang
Leiar førebyggande
E-post
Telefon 57 71 85 63
Mobil 95 81 52 82

Eining: Brann og redning