Kva kan rettast eller endrast?
Du kan kreve å få retta, endra eller tilføye opplysningar i matrikkelen. Dette gjeld både eigedomsgrense og bygningsopplysningar i matrikkelen. På denne sida vil du finne informasjon om retting og endring av bygningar i matrikkelen.
Kven kan sende inn krav om retting?
Du som part eller eigar kan sende inn krav om retting av eigedomsopplysningar i matrikkelen. Ved behov kan kommunen eller Kartverket ved eige initativ rette eigedomsopplysningar i matrikkelen.
Korleis rette feil og manglar for bygningar i matrikkelen?
Du kan krevje å få retta, endra eller tilføre opplysningar i matrikkelen som gjeld bygningar på din eigedom. Dette er aktuelt dersom opplysningane i matrikkelen er feil eller ufullstendige, eller grunnlaget for registrering er gått vekk.
Eksempel:
- eigedomen er registrert med einebustad i matrikkelen, men består av ein tomannsbustad, eller omvendt
- bygningstypen er registrert feil
- arealopplysningar av bygningen er feil eller mangelfulle
- antall bueiningar i bygningen er feil
Kommunen som lokal matrikkelmynde rettar eller avslår krav om retting ut frå dokumentasjon du sender inn. Eksempel på gyldig dokumentasjon kan vere:
- godkjente byggeteikningar
- planteikningar som viser rombruken
- tidlegare byggevedtak
- bilete/fotografi
- skildring og historikk til bygningen
Opplysningar om kva du betaler i kommunale avgifter er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon. Det kan også vere at nokon av endringane du ynskjer krev byggesøknad etter plan- og bygningslova.
Sende krav om retting for bygning
Du sender inn krav om retting av bygningar i matrikkelen i form av brev, som kan bli sendt til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller til Edialog.
Redusere bueiningar i eksisterande bustadar
Tal bueiningar (bruksenhet for bustad) i bygningar vert styrt etter matrikkellova. Det er ikkje samsvar mellom kva det er å rekne som ei sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova og matrikkellova. Det har ingen betydning om leilegheit eller hybeldel ikkje vert leigd ut, om du brukar denne sjølve, eller andre forhold. Det er bygningsmassen og planløysinga som styrer registreringa. Det har heller ingenting å bety at det er ei låst dør eller intern gjennomgang mellom bueiningane.
Definisjon av bustad går fram av føringsinstruk for matrikkelen 6.1.6:
Med bolig reknast ein kvar bruksenhet som består av eitt eller fleire rom, er bygd eller ombygd som heilårs privatbustad for ein eller fleire personar og har eigen tilkomst til romma utan at ein må gå gjennom ein anna bustad.
Ei leilegheit er ein bustad bruksenhet med minst eitt rom og kjøkken.
Ein hybel er eit rom med eigen inngang berekna som bustad for bruksenhet for en eller flere personar, som har tilgang til vatn og toalett utan at det er nødvendig å gå gjennom ein anna bustad.
Bustad er fellesbegrep for leilegheit og hyblar, og er anigtt i matrikkelen som ein bustad bruksenhet (bueining).
Vidare er bruksenhet for bustad å rekne etter 6.1.10 andre avsnitt:
Som bolig reknast ein kvar bruksenhet som har minst eitt rom og eigen inngang, og der ein har tilgang til vatn og toalett utan å gå gjennom anna bustad. Det betyr heller ingen ting at bruksenheten har låst dør til annen bruksenhet, slik som plan- og bygningslova krev.
Klage, pris og sakshandsamingstid
Krav om retting i matrikkelen skal i utgangspunktet vere handsama innan 6 veker. Du må rekne med lenger sakshandsamingstid dersom saken er komplisert og avhengig av betre dokumentasjon.
Kommunen si avgjerd om å rette matrikkelen eller avslå kravet er eit enkeltvedtak som du kan klage på innan 3 veker. Du sender ei skriftleg klage til kommunen dersom du er usamd. Opprettheld kommunen si avgjersle vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Retting av eigedomsinformasjon i matrikkelen er ei gebyrfri teneste.