Kva kan rettast eller endrast?
Du kan kreve å få retta, endra eller tilføye opplysningar i matrikkelen. Dette gjeld både eigedomsgrense og bygningsopplysningar i matrikkelen. På denne sida vil du finne informasjon om retting og endring av bygningar i matrikkelen.
Kven kan sende inn krav om retting?
Du som part eller eigar kan sende inn krav om retting av eigedomsopplysningar i matrikkelen. Ved behov kan kommunen eller Kartverket ved eige initativ rette eigedomsopplysningar i matrikkelen.
Korleis rette feil og manglar for bygningar i matrikkelen?
Du kan krevje å få retta, endra eller tilføre opplysningar i matrikkelen som gjeld bygningar på din eigedom. Dette er aktuelt dersom opplysningane i matrikkelen er feil eller ufullstendige, eller grunnlaget for registrering er gått vekk.
Eksempel:
- eigedomen er registrert med einebustad i matrikkelen, men består av ein tomannsbustad, eller omvendt
- bygningstypen er registrert feil
- arealopplysningar av bygningen er feil eller mangelfulle
Kommunen som lokal matrikkelmynde rettar eller avslår krav om retting ut frå dokumentasjon du sender inn. Eksempel på gyldig dokumentasjon kan vere:
- godkjente byggeteikningar
- tidlegare byggevedtak
- bilete/fotografi
Opplysningar om kva du betaler i kommunale avgifter er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon. Det kan også vere at nokon av endringane du ynskjer krev byggesøknad etter plan- og bygningslova.
Sende krav om retting for bygning
Du sender inn krav om retting av bygningar i matrikkelen i form av brev, som kan bli sendt til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller til Edialog.
Klage, pris og sakshandsamingstid
Krav om retting i matrikkelen skal i utgangspunktet vere handsama innan 6 veker. Du må rekne med lenger sakshandsamingstid dersom saken er komplisert og avhengig av betre dokumentasjon.
Kommunen si avgjerd om å rette matrikkelen eller avslå kravet er eit enkeltvedtak som du kan klage på innan 3 veker. Du sender ei skriftleg klage til kommunen dersom du er usamd. Opprettheld kommunen si avgjersle vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Retting av eigedomsinformasjon i matrikkelen er ei gebyrfri teneste.