Endring av eigedom og matrikkel

Matrikkelen er Norges offisielle eigedomsregister. Du som eigar av ein eigedom er sjølv ansvarleg for å ivareta den informasjonen som ligg der.

Kva kan rettast eller endrast?

Du kan kreve å få retta, endra eller tilføye opplysningar i matrikkelen. Dette gjeld:

  • feil og manglar ved eksisterande grenser
  • feil og manglar ved opplysningar om bygning
     

Det er ulike framgangsmåtar dersom du ber om å få retta opplysningar om grenser eller bygningar. På denne sida vil du finne informasjon om begge.

Les meir om feil grenser i eigedomskartet på Kartverket sine sider.

Kven kan sende inn krav om retting?

Du som part eller eigar kan sende inn krav om retting av eigedomsopplysningar i matrikkelen. Ved behov kan kommunen eller Kartverket ved eige initativ rette eigedomsopplysningar i matrikkelen.

Informasjon om matrikkelen og endring