Justering av grenserFor å gjere eigedomsgrensene meir tenlege kan du søke om grensejustering eller overføre areal mellom eigedomar. Kva får du? Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa. Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen). Du får tilsendt matrikkelbrev. Kva kostar det? Du finn prisar for oppmålingsarbeid og grensejustering i prislista til Sunnfjord kommune. I tillegg kjem tinglysingsgebyr Slik søker du Finn søknadsskjema på Kartverket sine nettsider. Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadsskjemaet. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du via Sunnfjord kommune sitt kommunekart. Kva skjer vidare? Du får svar på søknaden innan 12 veker. Dersom søknaden blir godkjent, startar saksbehandling og oppmåling. Saka er normalt gjennomført innan 19 veker frå løyvet er gitt. Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. Har du spørsmål, ta kontakt med Jan Inge Seljevoll Knut Ove Indrebø Lov og forskrift Matrikkellova Matrikkelforskrifta Sist endra 25.03.2022 15.12