Terrenginngrep

Fylling og planering av terreng.

Terrengendring kan vere fyllingar av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terreng. Har du mistanke om forureining i grunnen der du skal gjere eit inngrep eller bygge, må du først undersøke grunnen.

Ikkje søknadspliktig terrenginngrep

Det er berre mindre planering og fylling som er omfatta av unntaket frå søknadsplikta. Dersom tiltaket har eit omfang som ikkje kan bli vurdert som mindre vil det vere søknadspliktig. Kva som blir tolka som mindre, vil vere avhengig av tiltaket sin karakter og verknad på omgjevnaden.

Til dømes vil planering av ei tomt vere eit søknadspliktig arbeid. Eller om inngrepet er i eit sårbart område som til dømes naturområde, område med truga artar, forureining, vassdrag osv.

For at terrenginngrep skal vere unnateke søknadsplikt må det vere:

  • Tiltaket gjeld ei mindre fylling eller planering av terreng
  • Avstand frå fyllinga/planeringa må vere minst 1 meter frå nabogrensa
  • Avvik frå opphaveleg terreng er
    • maks 3,0 meter i spreidd strøk
    • maks 1,5 meter i tettbygd strøk
    • maks 0,5 meter i område med rekkehus, kjedehus og tett busetnad
  • Tiltaket ikkje hindrar fri sikt mot veg
  • Tiltaket ikkje vert ført opp i strandsone

Berekning av høgdeforskjellen gjelder slik at terrengendringa ikkje på noko stad kan overstige den gitte høgdeavgrensinga. Det er kun mindre fyllings- og planeringsarbeider som er omfatta av unntaket. Arbeider som har eit omfang i areal som gjer at det ikkje kan bli sett som mindre, vil vere søknadspliktig sjølv om terrenginngrepet er innanfor høgdekrava ovanfor.

Søknadspliktig terrenginngrep

Inngrep og endringar i terrenget som fører til større endringar enn dei som er nemnd i punkta over må du søke løyve om. Du må som regel ha hjelp av fagfolk til å både søke og utføre terrenginngrepet.

I nokre tilfelle kan kommunen etter ei særskild vurdering la deg som tiltakshavar sjølv stå for både søknad og terrenginngrepet.