Nedgrave oljetankar – saneringHer finn du informasjon om sanering av olje- og parafintankar.Forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar blei innført i 2020. Oljetankar som ikkje er i bruk har framleis restolje. Dette utgjer ein risiko for forureining. Eigaren har ansvaret for at tanken blir tømt og reinsa. Oljetankar over 3 200 liter skal gravast opp og leverast til godkjend mottak. Sunnfjord kommune har ikkje innført eit slikt krav for mindre tankar. Eigaren må såleis ikkje ha eit formelt løyve til å sanere tankar under 3 200 liter. Kommunen tilrår likevel at tanken blir gravd opp. Dersom tanken blir liggande i grunnen, har eigaren ansvaret for at den ikkje medfører fare for forureining eller annan fare i framtida.Kommunen tilrår at eigaren nyttar eit kvalifisert føretak som har kompetanse på sanering. Når tanken er sanert, bør det sendast ei ferdigmelding til kommunen. Les meir på oljefri.no Sist endra 14.08.2024 14.55