Bilvask – tips og reglar

Person som vasker bil i hall - Klikk for stort bilete Pexels, Tima Miroshnichenko

Vaskar du bilen ved ein godkjend vaskehall i staden for heime på tunet, sparar du miljøet for skadelege utslepp. Vaskevatnet etter ein bilvask kan innehalde giftige tungmetall, olje- og drivstoffrestar og forureina vegstøv.

Tips for meir miljøvenleg bilvask

  • Vask bilen i eit godkjend bilvaskeanlegg, som vaskehallar og sjølvvaskeanlegg. Då går vaskevatnet gjennom ein reinseprosess for å minimere utslepp av olje og skadelege stoff. Eit godkjend bilvaskeanlegg har sandfang som samlar opp grove partiklar, og oljeutskiljar som skiljar ut olje og anna forureining frå avløpsvatnet. Svanemerka bilvaskehallar har i tillegg strenge krav til bruk av miljøvenlege vaskemidlar, og vassforbruket er redusert til eit minimum.
  • Bruk svanemerka bilpleiemidlar. Svanemerka produkt inneheld stoff som har så liten påverknad på helse og miljø som mogleg.
  • Dersom du likevel vaskar bilen heime, bør bilen stå på grus- eller grasunderlag, og du bør ikkje vaske bilen oftare enn nødvendig. Fornuftig bruk av høgtrykkspylar kan bidra til mindre vassforbruk.

Kva gjer kommunen?

Sunnfjord kommune har ansvaret for å følgje opp at verksemder med vaskeplass, smørehall, servicehall eller liknande følgjer krava til utslepp. Kommunen fører tilsyn med oljeutskiljarar og sandfang. Vask av bilar og anleggsmaskinar på næringsareal utan oljeutskiljar kan vere i strid med forureiningslova.

Fakta om bilvask

I følgje Norsk Vann bruker nordmenn så mykje som 10 millionar kubikkmeter vatn per år på å vaske bilar. Vatnet inneheld rundt 100 000 tonn vaskekjemikaliar, og bidreg til årlege utslepp av 600 tonn olje, 4 tonn koppar, 8 tonn sink, 1 tonn bly og 28 kilo kadmium.