Næringsfondet

Næringsfondet blir nytta til tiltak som fremjar næringsutviklingsarbeidet i kommunen, og då i første omgang til tilrettelegging og støtte til nyetableringer og dei minste bedriftene. 

  • Kvinner, ungdom og innvandrarar er ei prioritert målgruppe ved tildeling av midlar frå det kommunale næringsfondet.
  • Kunnskapsintensiv og kreativ verksemd er prioriterte satsingsområde.
  • Prosjekt for nyetableringar der støtte er avgjerande for realisering, har høg prioritet. Det same gjeld prosjekt som har eit klart utviklingsarta preg. 
  • Prosjekt for produksjon eller som legg til rette for tenester som vi i dag må ut av Sunnfjord for å finne, har høgast prioritet i næringsplanen. Det samme har prosjekt som medfører større aktivitet av tilreisande til Sunnfjord.

Korleis søke stønad frå næringsfondet? 

Sunnfjord Utvikling administrerer fondet. 

Retningslinjer for næringsfondet og informasjon om korleis du kan søke